Hos Erdal Sport Intersport Førde finn du to lidenskapelege fiskeelskarar! Deira erfaring og kompetanse innan faget brukar dei i sin kontakt med kundane som kjem i butikken. – No har vi også fått ein ekstrahjelp som er like engasjert i faget, og det betyr at vi til eikvar tid er tilgjengelege for kundane, seier Tom. Sjølv konkurrerer eg i flugekasting, og bitter fluge til eige bruk, men gjev også råd og hjelp til kundane ved å anbefale gode mønster og anna nyttig informasjon. Dette er både kunst og handtverk, smiler han. Eg er også sertifisert kasteinstruktør, og vil kunne tilby kurs i flugekasting.
Vi har også utstyr for å kunne vedlikehalde og reparere stenger og spoler, og med vår kompetanse og erfaring kan vi gje kunden den veiliinga og dei råda han treng for å kunne ha gode fiskeopplevingar.
Vi er veldig opptatt av at kunden skal få rett utstyr tilpassa sine ferdigheiter og sin bruk. Når vi har funne det og montert stanga, blir vi gjerne med kunden i elva bak butikken og prøver kasta.
Førde ligg midt i smørauget for elvefiske. Jølstra, Nausta, Gaula og Flekkeelva er rekna som lokalområdet og er veldig populære fiskeelver.
Vi merkar at Erdal Sport – Fiskeavdelinga har fått eit nasjonalt namn. Vi har godt etablerte fiskarar som søker oss i forbindelse med at dei er på fiske i Lærdalselva. Det tek vi som eit kompliment og kvalitetstempel, smiler Tom fornøgd.